De Zee Ploeg
Då det hollandske emigrantskipet De Zee Ploeg forliste ved Vestlandskysten i 1817, blei over 550 tyske emigrantar verande i Bergen i nesten eitt år. Kan møtet med desse havaristane ha inspirert dei første nordmennene som seinare reiste til Amerika?
Den 25. september 1817 havarerte det hollandske skipet De Zee Ploeg ved Skjellanger nordvest for Bergen. Om bord var meir enn 550 tyske emigrantar på veg til Philadelphia. Skipet blei buksert inn til Bergen der havaristane blei værande til året etter då dei fleste kom seg vidare til Amerika. I ventetida fortalte dei nok bergensarane om det lova landet som venta dei på den andre sida av Atlanteren. Slik var dei nok med å inspirera til den norske utvandringa som starta med «Restauration» berre nokre få år seinare.
Ikkje alle kom seg vidare til Amerika, såleis var det blant emigrantane fleire barneflokkar utan forsørgjarar som byen måtte ta hand om. Dei vist seg snart å kunne stå på eigne bein og mange har sidan vore med å prega byen som tok imot dei.
Nokre av passasjerane på De Zee Ploeg var på veg til kolonien Harmony i Butler County i Pennsylvania. Harmony vart grunnlagt i 1805 som eit utopisk samfunn med den tyske teologen Johann Georg Rapp som leiar. Kolonien vart styrt som eit teokrati, med Gud og religion i sentrum. Busetjarane eigde alt i fellesskap, og i 1807 avla medlemmane sølibatløfte for å vie livet til trua si. Mange dyktige handverkarar budde i kolonien. Han vart ein stor suksess og hadde 700 medlemmar i 1814. Same året dro Rapp sin son Frederick vestover og grunnla ein søsterkoloni i Indiana, som fekk navnet New Harmony.
Program - del 1
• 12.00-12.10: Velkomen, song ved Berit Håpoldøy
• 12.10-12.45: Panelsamtale med utgangspunkt i De Zee Ploeg -havaristane sin påverknad på byen Bergen og deira rolle i den tidlege utvandringa.
• 12.45-12.55: Oppsummering og refleksjon ved Terje M. Hasle Joranger
• 12.55-13.05: Avmarsj til De Zee Ploeg-minnestøtta
• 13.10-13.30: Markering ved minnestøtta, song ved Berit Håpoldøy
• 13.30-14.00: Lunsj på museet
Program - del 2
• 14.05 Gunnar Furre: Innleiing
• 14.15-14.35 Baard Olav Skogrand: Bergen, anno 1817
• 14.35-14.55 Henrik Olav Mathiesen: De Zee Ploegs forlis - hva hadde det å si for utvandringen fra Norge?
• 15.15-15. 35 Terje Mikael Hasle Joranger: De Zee Ploeg og norske utopiske samfunn i Amerika
• 15.35-15.55 Bjørg-Karin Ringen: Migrasjon i dag, er det noen fellestrekk med norsk utvandring?
• 16.00 Kaffe
• 16. 20- 17.00 Rundebord med alle innlederne, Gunnar Furre leder samtalen