Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
Dette er Ringsaker kommunes offentlige nettsted. For å komme til vår markedsportal, besøk www.ringsaker.no

Tilbake til oversikten

Eva Weel Skram / Falle til ro - En julekonsert

Plakat Eva Weel Skram / Falle til ro - En julekonsert
Kirsten Flagstad sal
20:00

Det er snart ti år sidan Eva gav ut sin første julelåt, og sidan den gong har fleire av songane hennar funne vegen inn i det moderne norske julerepertoaret. «Selmas Sang», temalåten frå NRK-serien Snøfall, vart raskt ein publikumsfavoritt. Seinare kom «Falle til ro», skriven til Netflix-serien Hjem til jul, som også har festa seg som ein ny juleklassikar.
Eva har òg markert seg som ein framifrå tolkar av andre sine låtar. I hennar hender får songar som «Nå tennes tusen julelys» og «Romjulsdrøm» nytt liv. Juleklassikaren Have Yourself a Merry Little Christmas har dessutan fått norsk drakt som «Tid med mjuke pakkar», med ny tekst av Trygve Skaug.
Saman med sine musikalske kumpanar skapar Eva Weel Skram ei varm og nær juleoppleving – fylt av smittande humør, vakre melodiar og ekte julestemning.
Velkommen til julekonsert!

Sted

Kirsten Flagstad sal
Vis kart